Bessheim fjellstue og hytter

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter, hytter eller på campingplassen vår ved Besseggen. På romma er det oppreidde senger og dusj og toalett.

På dagtid kan du nyte eit godt måltid i kafeen vår når du er på veg over Valdresflya. På kvelden kan få ein god treretters meny i restauranten vår. Somme kveldar har vi ein middagsbuffet i staden.

På Bessheim har vi 180 senger, fordelt på rom inne på fjellstua og på hytter/leilegheiter. Det er 65 senger inne på fjellstua. På romma våre er det oppreidde senger, samt dusj og toalett på alle rom, bortsett frå fem. Du kan telte eller campe på campingplassen vår, som vart oppgradert i 2019.

I restauranten vår serverer vi frokost, ala carte middag og treretters middag om kvelden.

På Bessheim har vi 27 hytter/leilegheiter. Det er plass til 2-10 personar i kvar, og i dei fleste er det dusj og toalett.

Mat

På Bessheim serverer vi tradisjonell, norsk mat. Vi likar å servere lokalt kjøt av elg, rein og hjort, og fjellaure frå vatna her i Jotunheimen. Frokostbuffet kvar morgon. Tidspunktet varierer gjennom sesongen, avhengig av kva tid Gjendebåten går. Open kafe frå 11.00-20.00 kvar dag. A la carte middag frå 13.30 – 20.00. Kvar kveld serverer vi ein treretters middag frå klokka 18.30. Denne må bestillast på førehand.

Sjå meny