Gjendebu turisthytte

Gjendebu er DNT (Den Norske Turistforening) si eldste hytte. Den vart vedtatt bygd i november 1868, berre 10 månader etter at foreninga vart stifta. I 1871 stod den første hytta ferdig, den var 45 kvm stor og gav plass til ca 12 turistar.

Gjendebu tilbyr overnatting midt i Jotunheimen Nasjonalpark på vestsida av Gjende 990 m o h. Gjendebu står på ei gamal setertomt og har framleis mykje av særpreget frå tida da det var seterdrift her. 116 senger fordelt på 2 og 4-mannsrom, sovesal. Teltplass. Flotte turmoglegheiter. Fiske. Frukost og middag. Øl- og vinrett.

  • Ope sommar: juni til september.
  • Vinter: frå midt i mars til over påske.

Hjemmeside: www.gjendebu.no
Epost: gjendebu@turistforeningen.no
Tlf: 61 23 89 44, faks: 57 87 66 87
Mob: 91 57 49 65