Gjendebu turisthytte

Gjendebu er DNT (Den Norske Turistforening) si eldste hytte. Den vart vedtatt bygd i november 1868, berre 10 månader etter at foreninga vart stifta. I 1871 stod den første hytta ferdig, den var 45 kvm stor og gav plass til ca 12 turistar.

Gjendebu tilbyr overnatting midt i Jotunheimen Nasjonalpark på vestsida av Gjende 990 m o h. Gjendebu står på ei gamal setertomt og har framleis mykje av særpreget frå tida da det var seterdrift her.